onsdag 27. februar 2013

Dagen i dag..

                    
Våren kommer en gang i året, og vi ønsker den velkommen.
Dagen kommer en gang i døgnet,
men vi tar den som en selvfølge.
Margit Sandsmark
 
Ynskjer deg ein strålande dag!
Helsing Astrid

søndag 24. februar 2013

Med sol og nydeleg ver denne helga,
fekk eg lyst å bake cupcakes igjen.
Familiemiddag i "mormorhuset" med pastellar til dessert.
I blandt er det lov å kose seg litt ekstra!
Har brukt gulrotkake oppskrift
 med ein "dæsj" stjerneanis.
Ostekrem av Tine naturell ost, melis, smør, vaniljestang.
Former frå Ålens`.
Eg har fått fleire spørsmål om kjøkenøya er ny eller gammal?
Den er eit gammalt skulekateter, frå skulen eg jobbar.
Husbonden har gjordt nokre justeringar,
 og sjølvsat med ny farge.
Er veldig fornøgd med denne, praktisk, romar mykje og er fin.
Eg likar interiør som har historie,
 og vonar denne "øya" mi har sine!
Ynskjer alle ei fin ny veke!
Helsing Astrid
 

lørdag 23. februar 2013

Har måla kjøkenveggane.
Frå grått til lyst
med ein liten "smak" av grønt.
Før grått, var veggane is blå.
Men eg trivast best med pastellar i kjøkenet.
Det er vanskeleg å få "fanga" det grøne med kameraet..
Så er det kjekkare å male enn å vaske ned!
Ynskjer alle nye fylgjarar hjarteleg velkomne!
 
Beste helsing Astrid

fredag 22. februar 2013

GOD FREDAG!
 

tirsdag 19. februar 2013

Solstrålar som når kjøkenet i 16 tida
 er til å glede seg over!
Det meste går lettare i dagslys..
Synest no eg i vertfall!
God tysdagskveld!
 

søndag 17. februar 2013

Kunne ikkje dy meg..
Egget står så fint til perleblomane.
Det vakre egget fekk eg for nokre år sidan av ei
 snild og kreativ dame, Sylvia.
 Besøk bloggen hennar, hjemmebest og lat deg inspirere.
Atter fleire bileter frå spisestova..
Det vart ny header av bileta,
 då eg synest dei passar til tida vi no har framfor oss
Ei fin tid.
Det lysnar og livnar!
 

fredag 15. februar 2013

Det er duka for helg..
Heimen er langt frå nyvaska.
Men, dog så godt det er fordi om!
Ynskjer deg god helg!
Helsing Astrid
 

torsdag 14. februar 2013

Det livnar..

Tro ikke frosten som senker en fred
av sne i ditt hår.
Alltid er det på jorden et sted
tidlig vår.
Andre`Bjerke
 

tirsdag 12. februar 2013

Eit hjarte laga til meg..
Frå 12 åringen min!
Hjarteleg god tysdagskveld til deg!

søndag 10. februar 2013

Dei fleste har vel kosa seg litt ekstra i dag.
Fastelavensbollar eller morsdagskake.
Kanskje begge deler?
Hos oss vart det morsdagskake, pavlova.
Ei av mine favorittar!
Ekstra god når vaniljekremen er heimelaga.
3 dl mjølk
2 eggeplommer
2 ss sukker
1 ss potetmjøl
1 vaniljestang
Ha alt i ei panne, rør under oppvarming.
 Ta panna av plata når kremen tjuknar, rett før oppkok.
 Kremen må ikkje koke.
Rør under avkjøling, då unngår du "snerk".
Takk for helsingar i innlegget under.
GOD NY VEKE TIL ALLE!
 

torsdag 7. februar 2013

Berre ei lita oppklåring..


Eg er interiørbloggar!
Mange har stilt meg spørsmål som liknar dette:
"er det alltid så strøkent i heimen?"
I min blogg finn du ikkje bileter frå rotet og støvet frå oss fem som bur her.
Det er ikkje dette eg vil formidle, eller det vil seie,
det er ikkje støv og kvardagsrot som er min lidenskap..Det er det interiør som er!
Eg vel å dele intreiøret i staden for rotet vårt med lesarane.  :)
For øvrig er eg ein ordensperson og er ikkje alltid på mitt triveligaste om heimen er i uorden.
Leiker av 4 åringen er naturlege element i dei fleste rom, spor etter "dama" på 15 og snuppa på 12. Skulle berre mangle, vi bur her! Vi er aktive alle saman.
Med treningsklær, sko i alle variantar i det du trår inn.
Matbokser og glas som står faste i bordplata (les; i kjellarstova til "damene"),
vil eg tru det er som dei fleste andre heimar. 
Men, det er ikkje desse "motiva" som gir meg lyst å fotografere og poste i bloggen,
og eg vonar at dette vil du ikkje sjå mest av om du les interiørbloggar og magasin.
Er det inspirerande? Ikkje for meg i vertfall!
Då er vel dette ganske klårt, eg bloggar om interiør,
og delar i blandt ei oppskrift av det spiselege slaget.

Mine innlegg blir som før, alltid skapt i positiv stand.
Det er rett for meg!
Beste helsing Astrid :)

tirsdag 5. februar 2013

Sov du vesle spire ung

Sov, du vesle spire ung, ennå er det vinter,
ennå sover bjørk og lyng, roser, hyasinter.
Ennå er det langt til vår, langt til rogn i blomstring står.
Sov, du vesle spire ung ennå er det vinter.
Himlens sol ser ned på deg, solskinnskyss den sender.
Snart blir grønt langs sti og vei, småblomst varmen kjenner.
Enn en liten solskinnsbønn: Vesle spire,bli snart grønn!
Himlens sol ser ned på deg, solskinnskyss den sender.
Av Zacharias Topelius
 
Med desse vakre ord ynskjer eg deg fine vinterdagar!
Beste helsing Astrid

 

lørdag 2. februar 2013

Solskin i spisestova..

Det er slik ei glede når solstrålane
 endeleg når inn i stova igjen!
Å ha dagslyset ei aldri så lita stund
 etter jobb gjer seg
 for både sinn og skinn.
I vår spisestove er det ein god miks
av nytt, gammalt, bruktfunn og arv.
YNSKJER DEG EIN GOD LAURDAGSKVELD!
Helsing Astrid